Konsert med Cecilie Anna Rønhovde og band

Konsert i Valestrand kulturkyrkje 31. mars kl. 19.00 med Cecilie Anna Rønhovde og band. Billettar kr. 200/150/50

Cecilie Anna (34) frå Stord har motteke strålande kritikkar for soloplata si "I'm Here". I 2016 gav ho ut si første plate, "Going North", saman med bandet sitt. Ho lagar støtt ny musikk og har den siste tida hatt stor glede over å tonesetja nynorske dikt. 
 
Svein Olav B. Langåker (41) er frå Stord, og jobbar til vanleg som redaktør i dei nynorske avisene Framtida Junior og Framtida.no. Han kjøpte si første Økland-bok som 19-åring, og syng Blåmann, Blåmann kvar kveld til dottera si.  
 
Vidar Vedå (46) er frå Stord og speler gitar og syng i bandet til Cecilie Anna. 
Lene Jeanette Skogvold (32) er frå Stord og syng i bandet til Cecilie Anna.


 

Del denne artikkel på e-post