Kyrkjeval 2019

Nå er det klart for Soknerådsval!

Kven vil styre kyrkja vår?

Det er kyrkjeval  9. september 2019. Kanskje du vil stille til val?  Du er invitert til å vere med på å skapa framtidas kyrkje!

Rekk opp handa sjølv eller finn fram til folk du trur kan vera viktige i lokalkyrkja di her i Sveio. Vi vil samarbeide for at fleire oppdagar det store og gode ved å gje av si tid til det som byggjer fellesskap.

Ved kyrkjevalet skal det i heile Noreg veljast 8000 rådsmedlemmer til å leie arbeidet i kyrkja. Hugs å gje stemma di på valdagen.

Nå er nominasjonskomiteane i begge sokna i Sveio i gong med nominasjonsarbeidet for dei nye sokneråda som blir valt samtidig med kommunevalet til hausten. I Sveio Sokn er det Signe Halleraker, Helge Bua og Sissel Lier Høiness som utgjer nominasjonskomiteen. I Valestrand og Førde Sokn har Monica Nyland Jacobsen, Eirik Eriksen og Ragnhild Sævarhagen same oppgåve. Ta gjerne kontakt med ein av dei om du sjølv vil bidra eller om du har tips til andre kan vera kandidat til soknerådsvalet.

Kva er så kyrkjevalet? Les meir nedanfor.

Bli med!

Du trengst til den viktigaste oppgåva i dagens Noreg: Å skape sterkare fellesskap i bygd og by. Mange tendensar bryt ned fellesskapen mellom oss. Vi treng å engasjere oss for å motarbeide isolasjon og splitting.

Vi må jobbe fram ein motkultur mot alle teikn som tyder på forakt for veikskap. Vi vil støtte det som fremjar respekten for Guds skaparverk. Vi ynskjer å visa respekt for kvart enkelt menneske, slik Jesus såg og høyrde den enkelte. Kyrkja di gjev mange høve for engasjementet ditt. I møta med folk i nabolaget ditt kan haldningane dine og det du gjer, bety mykje.

Sokneråda her i Sveio Sokn og i Valestrand og Førde Sokn har oppnemnt ein nominasjonskomité som skal nominere kandidatar. Det er i tillegg høve for andre til å levera inn eigne kandidatlister. Alle kandidatlister er sett opp i prioritert rekkjefølgje. 

Til dei regionale bispedømerådsvala vil det finnast lister frå ein nominasjonskomite (som består av éin medlem frå kvart prosti i bispedømet etter avstemming i eit valmøte der kvart sokneråd sender representanten sin), og frå andre nomineringsgrupper.

Kva gjer soknerådet?

Soknerådet leier verksemda til forsamlinga der du bur. Som medlem i soknerådet kan du ha stor innverknad på dei lokale oppgåvene og utfordringane i kyrkja di. Arbeidet til kyrkjelyden spenner over mange tema – m.a. miljø og rettferd, gudsteneste, musikk, misjon, barne- og ungdomsarbeid, og dessutan jus og økonomiforvalting.

Her er nokre døme på soknerådets ansvarsområde:

•          Trusopplæring blant døypte mellom 0 og 18 år

•          Diakonalt arbeid (omsorgstenesta til kyrkja)

•          Gudstenester

•          Kyrkjemusikk

•          Langsiktig planlegging av arbeidet til kyrkjelyden

•          Ofringar

•          Utleige av kyrkja

•          Uttalerett ved tilsettingar av prest, prost og biskop

•          Samarbeid med frivillige

 

Sokneråda i dei to sokna i Sveio har torepresentantar i kyrkjeleg fellesråd. Kyrkjeleg fellesråd tek seg av administrative og økonomiske oppgåver på vegner av sokna.

Soknerådet har 8 medlemmar. Medlemmane har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er òg aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet.

Soknerådet møtest 3-5 gonger i halvåret. Medlemmane vert valde for fire år.

Ei undersøking blant soknerådsmedlemmar viste at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vere med i soknerådet. 85 prosent synest vervet er meir eller like tilfredsstillande som dei hadde forventa.

Ti gode grunnar til å vera med i soknerådet:

1 .       Du bidreg til å halda lokalkyrkja levande

2 .       Du vert del av ein kristen fellesskap

3 .       Du gjer ein viktig jobb for fellesskapen

4 .       Du kan sørgje for eit trygt og godt fritidstilbod for barn og unge

5 .       Du får innblikk i og påverkar dei demokratiske prosessane i kyrkja

6 .       Du får eit nytt nettverk i lokalmiljøet ditt

7 .       Du kan sørgje for at kyrkja di er ei open og inkluderande kyrkje

8 .       Du pregar aktivitetstilbodet i nærmiljøet ditt

9 .       Du får nyttig styrerøynsle som du kan bruka i andre samanhengar

10 .     Du kan oppdaga nye sider ved deg sjølv

Besøk www.kyrkjevalet.no for meir info.


 

Del denne artikkel på e-post