Pilegrimstur til Santiago de Compostella

Nokre ledige plassar på Pilegrimsturen. Påmelding innan 1. februar

 

Valestrand kulturkyrkje vil gjenta suksessen frå 2017 og igjen leggja til rette for at kyrkjelyden og andre får ta del i ein pilegrimstur til Galicia i Spania. Denne gongen har vi valt det strekket som går frå Ferrol til Santiago de Compostela. Ruta endar som sist opp i den storslåtte katedralen i Santiago der vi avsluttar med pilegrimsmesse. Dette er «Den engelske vegen» som vart mykje nytta av pilegrimar frå Norden og England. Ruta er totalt om lag 120 km og vert delt inn i 7 dagsetappar. Vanskelegheitsgrad er middels, men går og mange stader i lett terreng. Det er nokre krevjande stigningar. Pris per person vil bli om lag kr. 12.000,-. Dersom vi finn billegare reisealternativ og flyprisar og valutakurs vender i rett lei kan turen verta noko rimelegare. Med i prisen er: 9 overnattingar i einkskildrom (dobbeltrom for ektefeller) på 2/3-stjerners hotell med frukost. Fly (Sannsynleg Haugesund-Oslo-Madrid-Santiago og retur) og all tilbringarteneste. Alle kart og ruteplanar. Eigen bil med norsk reiseleiar/sjåfør under heile opphaldet. Du vil bli køyrd til alle startstader kvar dag og henta når du er ferdig med etappane. Utgifter til mat og drikke utanom frukost må ein kvar betale sjølv. Vil du vite meir? Kontaktpersonar/reiseleiarar for turen er Edvin Reiersen og Arild Steinsland. Bruk om mogeleg e-mail; edvin.reiersen@gmail.com/arild.steinsland@gmail.com . Tekstmelding eller telefon til 95215393 eller 91555580 er og greitt. Deltakarar vert invitert til ei informasjonssamling ein til to månader før avreise.


 

Del denne artikkel på e-post