Graver - sletting av graver?

Har du sett dette skiltet på ei grav her i Sveio nå i det siste?

Når me set opp desse skilta er det ofte fordi me manglar informasjon om festar. Me ønske då kontakt med vedkomande eller andre som steller grava.

Det kan t.d. vera at den som er festar er død, manglande adresseopplysningar, at det ikkje er registrert nokon festar i det heile mv.

Ein festar er den som er registrert som ansvarleg for grava -  og det er den som har anledning til å gje tillatelse til gjenbruk mv samt at den har ansvar for at gravminne står sikkert mv.

Jamleg vert det fjerna ein del gravmonument der festar allereie har gitt tillatelse til sletting samt og gravminner der me etter rimeleg tid heller ikkje får kontakt med nokon etter at festetid er opphøyrt. På desse siste gravene vil det stå slike plastskilt ute ei tid før me fjernar gravminna.

Etter fjerning vil gravminna bli oppbevart i minimum 6 månadar før destruksjon.

Sveio har ei ordning med fri grav i 30 år, den generelle fredningstida på landsplan er 20 år. Alle graver som nå vert sletta og/eller fjerna gravminne på er derfor eldre enn 30 år, til dels og betydeleg eldre enn dette.

Sjå gjerne og denne linken for litt informasjon

Ta kontakt med oss på kyrkjekontoret på telefon 53 74 84 20 eller kyrkja@sveio.kommune.no om du har spørsmål til dette.


 

Del denne artikkel på e-post