Har dokke planar om å gifta dokke? Ta kontakt med oss på Kyrkjekontoret på telefon 53 74 84 20 eller epost; kyrkja@sveio.kommune.no for å avtala dato og tidspunkt. Som oftast kan me oppfylla ønskene til tidspunkt. Imidlertid er det pga ferieavvikling ikkje høve for vigsel i vår regi siste tre helgene i juli kvart år.  Alle våre kyrkjebygg kan gi fine rammer for ei vigsel, enten det er det vesle Valen Kapell med sin lange historikk eller det er eit av dei andre større kyrkjebygga der og mange brurepar har blitt via opp gjennom åra.

Du har gjerne spørsmål til kva som må ordnast på førehand av formelle papir eller korleis sjølve vigselen går føre seg osv;

Trykk på denne linken her for meir informasjon

 


 

Del denne artikkel på e-post