Soknehuset i Sveio stod ferdig til bruk i desember 2016. Første arrangement var opningsfest 17. desember. Soknehuset er kome i stand etter eit breitt samarbeid mellom sokneråda i Sveio og Valestrand og Førde samt styret for  Sveio Bedehus. Sveio kommune har vidare bidratt med å kjøpa seg inn i huset. Kommunen eig nå 30% av bygninga. Denne kommunale sekjsonen innheld kyrkjekontor, kapell samt lagerlokale for gravplassen.

Finansiering av forsamlingslokala har skjedd gjennom gåver frå privatpersonar og foreningar, gjennom sal av Vikse og Sveio Bedehus samt gåver frå blant anna Haugesund Sparebank. Den viktigaste inntektskjelda har likevel vore "Gjenbruksløa". Dugnadsarbeidet her har etter oppstarten i 2014 bidratt med årlege inntekter på rundt einn million kroner kvart år. Det er og Gjenbruksløa som har tatt opp lån for å finanisera Soknehuset. Innsatsen til dei mange frivillige i Gjenbruksløa har vore heilt nødvendig for at ein har kunne bygga soknehuset. Det er pr 2018 omlag 3 millionar igjen av lånet som er tatt opp av Gjenbruksløa.  Besøk Gjenbruksløa på Facebook

Faste givarar bidreg framleis til soknehuset, nå til drift av huset.

Styret for soknehuset består pr 2018 av følgande; Bent Rune Sinnes, (leiar), Urd Hjelmeseter, Aslaug Kinn og Ragnhild Lysen, Eirik Eriksen og Arild Steinsland


 

Del denne artikkel på e-post