Når noko av dine har gått bort er det ofte ein heil del praktisk som skal ordnast - og dette på eit tidspunkt mange er sterkt berørt etter å ha mista nokon av sine næraste.

Mange vel å ta kontakt med eit gravferdsbyrå for å ordna det praktiske. Dersom du vel det, så vil gravferdsbyrået ta å losa deg gjennom det praktiske og ha kontakt med oss på kyrkjekontoret. Vi vil saman finna eit tidspunkt for gravferda, få sett opp prest og organist mv. Presten vil ta kontakt med dykk for ein sørgesamtale. Her vil dokke snakka om gravferda, kva  som skal seiast i minnetalen, val av salmer mv. Dersom det skal vera solist under gravferda eller det er anna som må avtalast med den som er organist ta gjerne kontakt med den som er organist i god tid på førehand- sjå under "Om oss" for kontaktinformasjon. Send gjerne ein sms så vil organisten ta kontakt igjen når han/ho har anledning.

Det er mange gravplasser i Sveio. For eit nokre få av gravplassane er det nokre avgrensigar i forhold til kva type gravferd/kven som kan gravleggast på desse. På dei andre er det vanlegvis dei næraste pårørande som vel om det skal vera kistegravlegging eller nedsetting av urne - og om det skal reserverast (festast) ei grav ved sida av.  For nokre sitt vedkomande vil det og vera aktuelt med gjenbruk av ei grav som t.d. andre i familien har vore gravlagt i for lengre tid sidan. Ta kontakt med oss på kyrkjekontoret om du har spørsmål til kva som er mulig.

Sjå gjerne her for meir informasjon om gravferdspørsmål

 


 

Del denne artikkel på e-post